Nokre år seinare møtte Evan sognejenta Aud Melås, og søt musikk oppstod. I 2004 fekk Aud og Evan tilbod om å kjøpe serveringsstaden Furukroa i Flåm, og Evan gjorde sogning av seg. Etter at dei kom til Noreg, hadde paret ein skilsetjande samtale om korleis dei skulle gjere Flåmsbrygga meir attraktiv. Spørsmålet melde seg naturleg: Kvifor ikkje eit bryggjeri?

Som sagt, så gjort. I 2007 etablerte dei to Ægir Bryggeri som fekk sitt namn etter havherskaren Ægir frå norrøn mytologi – ifølgje allfader Odin den beste ølbryggjaren i verda.

Pub-bryggeriet til Ægir var eit av dei første handverksbryggeria i Noreg – og garantert det mest særprega. Inspirert av den gullskimrande gildehallen til Ægir, vart bryggeripuben i vikingstil opna. Atmosfæren her må du minst 1000 år attende i tid for å finne maken til: Open eldstad, prydnad i dragestil og eit stavkyrkjetak som kravde 26 000 flis i malmfuru og ein og annan fingertupp.

Der Ægir ifølgje soga hadde eit bryggjekar som var ei mil djupt, starta Evan Lewis med ein kapasitet på 1000 liter per brygg. Sidan har det i grunnen berre gått ein veg. Stadig fleire har fått augo opp for kvalitetsbrygg frå Flåm, og i 2012 vart verksemda utvida med flunkande nytt produksjonsbryggeri. Ægir har som målsetting at det skal finnast godt øl til alle typar mat, og tilbyr i dag om lag 40 ulike ølsortar. I 2011 kom det også til eit lite brenneri der det vert destillert akevitt og gin i små og smakfulle parti.

Ægir lagar eit mangfald av typeriktige ølsortar samtidig som å utforske nye smakar heile tida. Frå stadeigne heimebryggingstradisjonar i Europa, frå ei internasjonal bølgje av handverksbrygging og – ikkje minst – frå vissheita om at det aller beste Ægir-ølet enno ikkje er laga. Oppskrifta er like fullt den same som alltid; friskt fjellvatn, gode råvarer og sikker sans for dei små detaljane som hevar smaken.

Det er ti tilsette på bryggeriet i dag og alle deler den same lidenskapen for handverksøl, brygging og kvalitet. Bryggeriet har både logistikksjef, labperson, bryggarar, øl-guru, produksjonstilsette med eit felles mål; at akkurat du skal få den beste opplevinga med ølet deira. Det er ein internasjonal gjeng frå Norge, USA, Polen, Italia, Tyskland, Kypros og England som alle enda i Flåm basert på bakgrunn og ynskje om å drive med det dei tykkjer er aller mest interessant og spennande.

Kjekt er det jo da at eksportmarkedet har vorte ekstra viktig for bryggeriet. Det er i dag ein vesentleg del av volumet og Ægir eksporterar ølet sitt til ca tolv ulike land. Land som Storbritannia har teke godt imot fleire ulike typar og ølet vert til dømes solgt i Co-op og Marks & Spencer, samt i mange ulike pubar. Russland er óg eit av landa som har fått opp augene for øl frå Flåm. Det er stadig eit mål å eksportere til nye land, og uviklinga går absolutt i riktig retning.

Les meir om ølutvalet vårt her, og ta gjerne kontakt med oss direkte på e-post for spørsmål om Ægir Bryggeri eller om tilbakemeldingar av ulike slag: info@aegirbryggeri.no