Eit mangfald av smaksopplevingar

Ægir Bryggeri tilbyr kvalitetsøl for ein kvar smak!

Vi lagar eigne versjonar av kjende og kjære ølsortar og har ein lidenskap for å utvikle nye og spennande smakar.

I sortimentet vårt finn du eit mangfald av øl som både er gode forfriskingar i seg sjølve og som bidreg til å gjere gode måltid enno eit hakk betre. Skal du ha søt mat eller salt mat, sjømat eller spekemat, grillmat eller gåselever, kake eller knekk – med øl frå Ægir har du følgje til det meste.

Vi har lyse og lette tørsteslukkarar for varme sommardagar, mørke og fruktige øl som passar best framfor peisen ein kald vinterkveld – og handverksøl av beste merke til dei fleste andre anledningar. Ølet vårt er tilgjengeleg på sals- og skjenkestader over heile landet og i utlandet.

Ølutval

  • 1 Øltype

  • 2 Mat

  • 3 Sesong

  • BEKK Lovely Lime

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit forfriskande preg av lime i aroma og smak.

  • BEKK Marvelous Mango

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit friskt og tropisk preg med smak av mango.

  • BEKK Nordic Raspberry

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har ein frisk og fruktig smak og aroma av velsmakande bringebær.

  • BEKK Pleasant Peach

    BEKK Hard Seltzer er eit naturleg og velsmakande valg med få kaloriar, som er laga med reint norsk fjellvatn. Denne varianten har eit friskt og fruktig preg av fersken i aroma og smak.

  • California Pale Ale

    California Pale Ale med humletypar frå både New Zealand og vestkysten av USA, som gjev ølet ei smaksrik blanding av dei tropiske og sitrusaktige aromaene desse områda er kjende for.

  • Dag Mango Pale Ale

    I denne versjonen av Dag har me tilsett smakfull mango for ein tropisk vri på både aroma og smak. Dette er solskin i kvar einaste slurk.

  • Dag Sitrus Pale Ale

    Ein soloppgang av eit øl der appelsinskal og spennande amerikanske humlesortar gjev ein frisk og fruktig aroma med mildt sitruspreg.

  • Flåmstanga KellerPils

    Vår KellerPils er lys, lett og forfriskande som ein Pilsner, men med kompleksitet og flott skumtopp frå den tilsette kveiten.

  • For Så Wit

    Ein klar og spennande versjon av den vanlegvis tåkete belgiske Witbier. Innslag av kveitemalt , korianderfrø og ikkje minst sitrusskal frå appelsin, sitron og lime gjev eit smaksrikt og fruktig brygg med særpreg.

  • Gere & Freke Imperial Coffee Stout

    Me har hatt besøk av vår ven Menno fra Brouwerij De Molen. Naturlegvis måtte me koke opp noko stort og slik vart denne Imperial Coffee Stouten født, med smakar av sjokolade, kaffe og nøtter.

  • Habañero Helles Chili Lager

    Vår lyse og elegante Münchener Helles lagerøl har fått seg eit realt kick! Me har tilsatt vår heimelaga ekstrakt fra Habanero chilipepparar som gjer ein pikant aroma og smak som likevel er akkurat passe sterk.

  • Happy Gluten Free Belgian Blonde

    Ein munter melodi av eit øl der byggmalt, friskt flåmsvatn og ei spesiell belgisk gjærstamme speler opp med fine og fruktige tonar.

  • Heimdall Gin

    Frisk, ren og smaksrik med einebær, koriander og pomeransskall og et lett sitruspreg i avslutning

  • Hoppy Red Ale

    I dette brygget har me tilsett ein solid dose humle til ein frisk red ale. Me kombinerar lette karamelltonar frå malten saman med sitruspreg og tropisk aroma frå tørrhumling av Equinot og Amarillo.

  • Hoppy Sanchez Mexican Lager

    Meksikansk lagerøl? Kvifor ikkje! Vår versjon er ein liten hybrid, tørrhumla for gje ølet friske og sitrusaktige toner.

  • Lindisfarne Scotch Ale

    Særprega variant av Scotch Ale med mektige smakar, rikt maltpreg og og eit hint av torvrøykt byggmalt.

  • Lynchburg Natt

    Dette ølet er vår Imperial Porter som er fatlagra i Amerikansk Bourbon Whiskeyfat. Eit øl med preg av eik og amerikansk whiskey i smakfullt samspel med tonar av kaffi, vanilje og lakris.

  • Lærdøl Sour Cherry Rye

    Dette er eit rugøl tilsett juice frå Lærdals søte moreller, berre for å gjere ølet surt likevel! Frisk og tørr syrlegheit og lang, pikant ettersmak.

  • Minus Alkoholfritt Pale Ale

    Minus er eit brygg der alt går i pluss. Eit lettdrikkeleg og leskande øl med mjukt, fint kornpreg og herleg humlesus.

  • Natt Imperial Porter

    Vår litt utypiske sterke Porter er beksvart, fyldig og rik med smak som minner om sjokolade, og med eit overraskande preg av humle.

  • Pils

    Eit forfriskande, smaksrikt og lett pilsnerøl i ekte tsjekkisk stil!

  • Piña Colada Tropical Wit

    Me har teke ein av våre favorittar, Witbier, og gitt den eit tropisk preg med smak av ananas og kokos. Resultatet er eit fruktig og feststemt øl.

  • Ragnarok

    Ragnarok er vår versjon av belgisk kvadruppel. Ølet er brygga med appelsinskal og eksotiske sukkerartar og har eldfulle ekko av eik, eple og tørka frukt.

  • Rallar Amber Ale

    Eit øl med seks ulike malttypar som byr opp smakslaukane til dans med tonar av nøtter, karamell og toffee.

  • Redhead Ginger Beer

    Redhead er rett fram det navnet seier det skal vera: Først og fremst eit øl, tilsett den friske og sterke smaken av ingefær.

  • Tors Hammar Barleywine

    Vår kraftige versjon av Amerikansk Barleywine. Eit brygg med djupraud farge, markant humlepreg og rike tonar av eple og tørka frukt.

  • Upstate IPA

    Dette er vår eigen versjon av New England IPA. Brygget er gyllent og tåkete, og byr på store fruktige smakar frå amerikanske humlesorter.

  • Vetlebror Session IPA

    Ein India Pale Ale-variant som er lystig og lett på foten. Her er både markant humlearoma, fruktig smaksrikdom og forfriskande tørr avrunding.

  • Yggdrasil Akevitt

    Ægir Yggdrasil Akevitt er fruktig og krydderprega med karve, eik, anis og sitrus i duftbilete med god fylde i smaken basert på eik og karve.

  • Ægir India Pale Ale

    India Pale Ale i klassisk California-stil. Koparraud farge, balansert bitterheit og rike humletonar av furunål og sitrus.