Ægir India Pale Ale, 6,5%

Ein IPA i klassisk California-stil med ein balansert bitterheit og rike humletonar av furunål og sitrus. Ølet er friskt og lettdrikkeleg som gjer at det står godt på eigne bein, men passar også perfekt til lam, okse, feit fisk, moden ost og godt krydra mat.

Lærdøl Sour Cherry Rye, 5,5%

Når sindig rugøl dansar tango med syndig søte morellar frå Lærdal, er resultatet eit brygg med frisk og tørr syrlegheit og lang, pikant ettersmak. Passar godt som aperitiff, til kraftig ost eller som avrunding på eit betre måltid. 

Bøyla Blonde Ale (4,7%) og Bryggve Blonde Ale (6,0%)

Gylne, lettdrikkelege varianter i same ølstil med fruktige tonar. Denne øltypen har ein mild og snill aroma med innslag av ferskt brød og sitrus frå amerikansk smakshumle. Fantastisk til sjøkreps, reker og andre lettare rettar. Prøv gjerne med ein fersk salat saman med heimelaga dressing av olivenolje, fersk kvitløk, balsamicoeddik og urter.

Rallar Amber Ale, 4,7%

Maltpreget med karamell- og nøttetonar i dette ølet gjer det eigna til grillmat, lettare kjøttrettar, spekemat og til og med brunost. Karameliserte grilla grønsaker, kjøtt eller brunost gjer at ølet og maten komplimenterar kvarandre til å heve heile smaksopplevinga.

Lindisfarne Scotch Ale, 7,0%

Ølet er kompleks og fyldig med eit lett røykepreg som kjem frå torvrøykt (peated) malt. Prøv dette ølet til kjøtrettar og røykt spekemat, og særleg til grillmat. Spennande tips: som kvilerett eller uvanleg dessert kan ein lage baconmarmelade og smøre denne på ei fyldig skive med brie eller camembert ost. Sødmen og røykpreget i ølet harmonerer og balanserer med salt, fett og royk i retten. Nam!

Dag Sitrus Pale Ale, 4,0%

Fruktig preg av både appelsinskal og sitrusaktige humlesorter gjer at dette ølet passar veldig bra til kylling, ost, salat, skaldyr og moderat krydra wokrettar.

Witbier (4,7%), og Bæver Double White IPA (8,0%)

Witbier ("kvit-øl") er ein Belgisk ølstil der krydder som korianderfrø og appelsinskal er brukt i ølet samt ein veldig fruktig gjærstamme. Ein hybrid av denne ølstilen og IPA gjorde vi som eit samarbeidsbrygg med engelske Beavertown. Desse ølsortane passer til mange typar mat som salatar, kvit fisk, skaldyr og det beste; ceviche. Ceviche er ein latinamerikank rett der rå kvit fisk er "kaldkokt" i lime juice og som oftast blanda med løk, avocado, cherrytomater og massevis av friske korianderblad. Dei liknande smakane i ølet harmonerer med dei same i maten og kombinasjonen er herleg!

Vetlebror Session IPA, 4,7%

Lett og tørr med ein markant humlearoma og bitterheit. Sjølv om IPA er best kjent i si sterkare drakt, er denne versjonen smaksrik nok til å klare seg sjølv med sterke rettar. Prøv til Indisk eller Meksikansk mat, gjerne med heimelaga habañero-salsa og rause mengder friske korianderblad.

Natt Imperial Porter, 10,0%

Beksvart, fyldig og rik med smak som minner om sjokolade. Dette ølet høver alltid til kalde og mørke kveldar, og prøv gjerne med mørk sjokolade eller til din favorittdessert.

Lynchburg Natt barrel-aged Imperial Porter, 10,0%

Dette ølet er vår Imperial Porter som er fatlagra i Amerikansk Bourbon Whiskeyfat i opp til tre månader. Tydeleg eik- og whiskeypreg som harmonerar godt med smak som minner om sjokolade, lakris og kaffi. Passar utmerka til sjokoladedesserter eller Créme Brûlée.

Tors Hammer Barleywine, 13,2%

Vår kraftige versjon av Amerikansk Barleywine, med smakar som minner om tørka frukt og eple. Anbefalt til kraftige oster, dessert, og til å dele med gode venner. Topp tips: server mellom 12 - 15C i eit stort tulipanglass som følge til Tinvollost Kraftkar med litt honning på toppen.

Aud IPA, 6,0%

Ein fruktig og frisk IPA, perfekt balansert for å gjere Gullhår nøgd. Med ei tiltalande tørr avrunding, passar ølet godt saman med grillmat, sjømat eller ost.

For Så Wit, 4,7%

Innslag av kveitemalt, korianderfrø og ikkje minst sitrusskal frå appelsin, lime og sitron gjev eit smakrikt og fruktig brygg med særpreg. Dette passar godt saman med salatar, blåskjel, lyst kjøt og fisk. Prøv det gjerne óg til ost i staden for tørr kvitvin.

Habanero Helles Chili Lager, 4,7%

Me har piffa opp vår Münchener Helles lager med heimelaga ekstrakt fra Habanero chilipepparar som gjer ein pikant aroma og smak. Dette gjer at den går hand i hand med taco, grillmat eller rømmedippen du likar best.

Kveite, 5,5%

Eit lyst og leskande øl med klassiske witbierkrydder som appelsinskal og koriander gjer at dette ølet passar godt saman med ceviché og sjømat.

Minus, 0,5%

Eit lettdrikkeleg og leskande øl med mjukt, fint kornpreg og herleg humlesus som gjer det til godt selskap for pizza, salatar og lette rettar med lyst kjøt eller sjømat.