Vår sprudlande og dedikerte bryggar sidan 2012. Anna er utdanna antropolog og kjem fra Bologna, Italia. Ho byrja med handverksøl som lidenskapeleg heimebryggjar og har etter kvart fått lang fartstid og erfaring frå ei rekke handverksbryggeri. Anna er ekstremt nøyaktig og likar seg aller best når parameterene i eit brygg stemmer 100 %. Anna er full av idéar, meiningar, engasjement og ho er ein viktig del av Ægir´s kreativitet.

Favorittuttrykk: «It's not my fault!»