Almas in the lab!

Almas er det siste tilskuddet til gjengen og vart ansatt som kvalitetsansvarleg i 2019. Ho er utdanna matvitar med bakgrunn i næringsmiddelmikrobiologi og biokjemi og har stor lidenskap for både øl og mat. Almas byggjer opp Ægirs kvalitetsprogram og har fullt ansvar for labratoriet. Ei dyktig og engasjert dame med eit stort, smittande smil og vinnande vesen.