Yggdrasil Akevitt i noverande utgåve er ei blanding av potetsprit og sprit basert på korn. Den fyrste utgåva var destillert 100% frå korn, nærmare byggmalt. Vi bruker over 100 tonn med malt i året, og det er ingen stor maltproduksjon i Noreg per dags dato. Skal ein ha påliteleg malt, må ein importere denne— i vårt tilfelle frå Tyskland og litt frå England. I og med at vi er først og fremst eit bryggeri, bestemte eg å laga Yggdrasil frå øl, meir eller mindre.

Vi brygga ein «wash» på 8 volumprosent, og destillerte så ut ein flott og fruktig sprit rundt 90 volumprosent, og så om igjen til endå reinare sprit. Då brente vi ein tredje gong med krydder. Alle brenning på årets utgåve var gjort her i huset på eige apparat (pot still).

Ferdig akevitten er tappa på fat på 63,5 volumprosent og er modna i seks månader.
Andre produsertar her i landet kjøper inn potetsprit frå Hoff, framstilt frå cirka 95 prosent norske poteter. Då har desse produsentane lov til å kalle akevitten deira for «Norsk Akevitt». Det har vi ikkje lov til, men det er greitt, vi er stolte av kven vi er og å ha laga dette produktet heilt frå botnen av.

Vi kjem til å laga andre varianter i framtida basert eller delvis basert på potetsprit, pluss gin, og på sikt whisky/whiskey. Om Yggdrasil blir 100 prosent framstilt frå korn i framtida, er ikkje heilt bestemt. Det er veldig flott og idealistsisk å gjere det slik, men også veldig tidskrevjande og kostbart. Og utruleg moro!