Ekte «kvitøl» i beste belgiske tradisjon. Innslag av kveitemalt, korianderfrø og appelsinskal – samt ei heilt spesiell gjærstamme – gjev eit smaksrikt og fruktig brygg med karakteristisk, uklårt preg. Ølet er lyst og leskande og har lite bitterheit. Kan godt nytast åleine, men er også ein perfekt partnar for salatar, blåskjel, lyst kjøt og fisk. Prøv det òg til ost i staden for tørr kvitvin. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.