Vetlebror er omgjengeleg og oppstemt og gjev raust av seg sjølv. Her er både markant humlearoma, fruktig smaksrikdom og forfriskande tørr avrunding. Eit lettdrikkeleg og friskt øl som kan fungera som ein god introduksjon til andre humleprega ølsortar. God åleine, men trivst kanskje aller best i selskap med grilla kjøt eller asiatisk mat med litt krut i. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.