Visste du at Ægir-gründeren Evan Lewis kjem frå litt nord i delstaten New York? Der borte er området kjent som «Upstate» og for hundre år sidan vart mesteparten av humla til ølbrygging dyrka der. Då passar det fint å lage vår eigen versjon av New England IPA. Brygget er gyllent og tåkete, og byr på store fruktige smakar frå amerikanske humlesorter. Passar til ceviche, skarpe ostar og godt krydra mat. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.