Sorachi Saison er eit aromatisk og særprega brygg inspirert av belgisk gardsøl som vart laga om vinteren for at sesongarbeidarane skulle ha noko å leske seg på om sommaren. Det måtte vere sterkt nok til å tole lagring, men ikkje så sterkt at hesjene vart skakke og kornet skore på kryss og tvers. Vår versjon av ølet er i sesong heile året, er tørrhumla med Sorachi Ace og har rike tonar som minner om eik, sitrus og urter. Eit tørt og fruktig preg gjer brygget til ein perfekt følge til mat. Tilrådd serveringstemperatur 4-8°C.