Der Ratatosk pilte opp og ned langs livstreet Yggdrasil og avleverte sladder og fornærmingar i stor stil, byr dette brygget på rein velsmak frå topp til tå. Ølet er ein småfrekk og fruktig India Pale Ale-variant med dobbel dose humle og overraskande rikt maltpreg. Høver godt til spekemat og grillmat – eller som avrunding på ein allereie fin dag. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.