Lekre og lystige Lærdals-bær stel showet i denne Pale Ale-varianten, som har tydelege bringebærtonar og dempa malt- og humlepreg. Ølet er forførande friskt, lett syrleg og særs leskande. Perfekt som aperitiff, topp som tørsteslukkar - og smakfullt selskap for seine kveldsstunder. Let du att augene, kan du kanskje høyre humlene brumme blidt blant bærbuskene. Tilrådd serveringstemperatur 4-8°C.