Ei syndig sterk smaksoppleving med namn etter endetida i norrøn mytologi. Ragnarok er vår versjon av belgisk kvadruppel, der ein omstendeleg gjæringsprosess og lagring på eikefat gjev styrke og smakskarakter utanom det vanlege. Ølet er brygga med appelsinskal og eksotiske sukkerartar og har eldfulle ekko av eik, eple og tørka frukt. Fint å nippe nennsamt til – og smakfullt selskap for smakfulle kjøtrettar og skarpe ostar. Tilrådd serveringstemperatur 10-12°C.