Gjev korkje ølbriller på nasen eller blyhatt på hovudet – men derimot ei krystallklår og skumfrisk smaksoppleving. Eit lettdrikkeleg og leskande øl med mjukt, fint kornpreg og herleg humlesus. Fint festfølgje og godt selskap for pizza, salatar og lette rettar av lyst kjøt eller sjømat. Tilrådd serveringstemperatur 4-8°C.