Eit brygg i fullkomen balanse med elegant maltkarakter, avdempa søtleik og delikate tonar av ferskt brød. Lyst Lager er ein frisk og leskande variant av den bayerske ølsorten Münchener Helles – eit vellukka og meir maltprega tysk mottrekk mot den tsjekkiske pilsen som flaut utover Europa på slutten av 1800-talet. Passar til fint vêr og stunder med sol i sinnet – og til grillmat og fiskerettar. Tilrådd serveringstemperatur 4-6°C.