Imperial Porter lagra i månadsvis på fat som kjem rett frå whiskyproduksjon i Lynchburg, Tennessee. Ølet har eit utsøkt preg av eik og amerikansk whiskey i smakfullt samspel med tonar av kaffi, vanilje og lakris. Lynchburg Natt er eit forførande fyldig og fløyelsmjukt brygg – godt eigna selskap for sjokoladedessertar eller ein klassisk crème brûlée. Tilrådd serveringstemperatur 10-12°C.