Eit fyldig og lett rebelsk øl kalla opp etter hendinga som innleidde vikingtida – åtaket på klosteret på Lindisfarne i 793. Særprega variant av Scotch Ale, eit brygg kjent som Wee Heavy i høglandet der karane går med kilt. Ølet har mektige smakar, rikt maltpreg og eit karakteristisk hint av torvrøykt byggmalt. Framifrå følgje for kraftige kjøtrettar, vilt, smakfulle ostar og ikkje minst grillmat. Tilrådd serveringstemperatur 8-10°C.