Lyst og leskande øl brygga med kveite – altså kornsorten, ikkje fisken – og klassiske witbierkrydder som koriander og appelsinskal. Innslag av umalta kveite gjev eit preg av lette godvêrsskyer – nett som på ein sein sommarkveld – og ølet har fine tonar av sitrus og nyspirt korn. Eit forfriskande og fruktig brygg som passar perfekt til kveite – altså fisken, ikkje kornsorten – og annan smakfull sjømat. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.