Me likar musikk, øl og norrøn mytologi. Med det til felles har me laga eit brygg i samarbeid med metalbandet Enslaved. Ølet fekk namnet Jotunblod frå låten deira med same namn og det måtte sjølvsagt verte ein raud IPA. Dette er eit fruktig og leskande øl med markant humlearoma og bitterheit, balansert av nokre mørke toner frå ein dose karamellmalt. Står godt på eigne konsertbein, men passar også perfekt til grillmat, ost og høg musikk. Tilrådd serveringstemp. 4-8˚C.