Ein munter melodi av eit øl der byggmalt, friskt flåmsvatn og ei spesiell belgisk gjærstamme speler opp med fine og fruktige tonar. I brygginga har me tilsett eit enzym som bryt ned glutenet, men som ikkje endrar den gode smaken så mykje som ein tøddel. Ølet er ei happy handfull i seg sjølv – og smaksrikt selskap for salatar, ostar, skaldyr og fisk. Tilrådd serveringstemperatur 4-8°C.