Eit øl spesialtrimma for å gå på smaksbeite med den lekraste julematen. Brygget har raust maltpreg, god søtleik og milde, runde tonar av torvrøykt byggmalt – godt eigna til å framheve smaksrikdomen i mørt pinnekjøt eller saftig ribbe. Ein opplagt kavaler for klassisk, norsk julekost – og ei fyldig smaksoppleving i seg sjølv. Tilrådd serveringstemperatur 8-10°C.