Ein gladlaks av eit øl laga spesielt til det internasjonale villaksåret 2019. Ølet er feiande fruktig, slørete som godvêrsskyer og har ei tiltalande, tørr avrunding. Perfekt til ost, villaks eller annan velsmakande sjømat. Og la oss gjere det klart med det same; ikkje ein einaste villaks måtte bite i sjøgraset under brygginga. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°.