Ein spennande versjon av den vanlegvis tåkete belgiske Witbier, denne varianten heiter Kristallwit då det er klart. Innslag av kveitemalt , korianderfrø og ikkje minst sitrusskal frå appelsin, sitron og lime gjev eit smaksrikt og fruktig brygg med særpreg. Ølet er lyst og leskande og har lite bitterheit. Kan godt nytast åleine, men er også ein perfekt partnar for salatar, blåskjel, lyst kjøt og fisk. Prøv det óg til ost i staden for tørr kvitvin. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.