Dette brygget har namn etter Fimafeng, tenaren kjent som <<den raske>> når Ægir inviterte æsene til gilde i festsalen Brime. Ølet er ein lys men kraftig Belgisk Blonde Ale, lagra i eiketønner over fleire månader før tapping. Dette er ein fin følgjesvein for tradisjonell julemat og kraftige ostar, og passar også til moltekrem! Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.