Om du vil gå julebokk og ikkje julebukk, er dette ølet for deg. Brygget har namn etter Eldir, tenaren som passa elden når Ægir inviterte æsene til gilde i festsalen Brime. Ølet er mørkt, maltprega og akkurat passe sterkt. Med fullkomen balanse mellom søtleik og bitterheit, er dette ein fin følgjesvein for tradisjonell julemat og kraftige ostar. Prøv også til moltekrem! Tilrådd serveringstemperatur 8-10°C.