Du får ikkje godt øl utan godt korn. Dette friske og fruktige brygget er difor tileigna Bryggve – fruktbarheitsguden for korn i norrøn mytologi. Ølet er gyllent og lettdrikkeleg, har mjuke, fine malttonar og ein aroma av sitrus og solmoge korn. Bryggve Blonde Ale er ei leskande smaksoppleving i seg sjølv – og perfekt som partnar for pizza, sjømat, salatar og lyst kjøt. Tilrådd serveringstemperatur 4-8°C.