Ein ekte Bæver krev meir enn to solide framtenner! Dette brygget har fyldig kropp krydra med koriander, appelsinskal og persisk lime – og ein kraftig hale av sitrusaktige tonar. Ølet er brygga i samarbeid med Beavertown Brewery i London og er ei blanding av Witbier og India Pale Ale med dobbel humledose. Godt åleine – enno betre i lag med lyst kjøt eller godt krydra mat. Tilrådd serveringstemperatur 6-8°C.