Å gjere Gullhår nøgd, er slett ikkje lett. Du veit; enten er det for lite ditt eller for mykje datt. Alt for slik og for lite sånn. Dette brygget trur vi likevel ho vil synest er akkurat passe. Det er perfekt balansert, fruktig og friskt, leskande og lett. Avrundinga er tiltalande tørr; ettersmaken elegant. Ølet trivst godt i eige selskap, men likar seg også i lag med grillmat, sjømat eller ost. Så ver så god, Aud – og alle de andre! Tilrådd serveringstemperatur 4-6°C. (Og ver gjerne litt nøye, så det ikkje vert for varmt. Eller for kald.