Den siste satsinga til bryggeriet og vår nye kollega, er ein robot levert av Rocketfarm frå Sogndali samarbeid med Kameleon Gruppen. Den har fått det passande navnet Stacky, etter me avholdt konkurranse på sosiale mediar der me fekk inn nærmare 400 navneforslag.

Med denne roboten vel me å satse på ny og innovativ teknologi som skal lette arbeidet for dei ansatte, slik at dei kan fokusere på andre ting og ikkje slite seg ut fysisk. Å bruke flinke folk til å stable fleire tonn i timen er ikkje heldig for nokon. Med Stacky med på laget, kan dei ansatte bruke energien og kompetansen sin på andre ting. Med andre ord er det vinn for alle partar. Grunna sensorar innebygd i denne roboten, treng den ikkje byggast inn med tanke på sikkerheit. Den vil stoppe om nokon kjem i nærleiken av den, så den kan trygt stå i bryggeriet og er dermed ekstra effektiv og smart. 

Tusen takk til Rocketfarm og Kameleon for vår nye, effektive kollega!

 

Sjekk ut Rocketfarm si webside: https://www.rocketfarm.no/